lørdag 5. juni 2010

Leverandørbesøk i Danmark

Det har vert lite aktivitet her på bloggen siste tida.
Det skyldast at storeguten til frk Lande er blitt konfirmert og at etter dette drog frk Lande sjølv til Danmark på leverandørbesøk.
Det var berre kjempegøy!!!!
Fyrst var eg hos Bloomingville i Herning. Her blei alle varene deira vist i eit eige nydeleg showroom. Og det var hausten og jula 2010 som blei presentert. Me kan berre gleda oss for herfrå kjem det knallmasse fint til frk Lande. Haustens store farge er lilla i ulike nyansar. Dette blir kombinert med sink, kvitt, pil og svart. Ein kjempeinspirerande dag saman med Monica. Og gjerstfriheten er stor, nydeleg tapas og hyllebærsaft :-)

Turen gjekk også til Walthers og Co i København. Birgitte som er designer av alle desse fine sinkhusa henta meg på togstasjonen, deretter drog me til heimen hennar der ho hadde showroom. Eit fantastisk hus med nydeleg utstilling av unike varer. Me vil vera den einaste butikken på Stord der du kan kjøpa desse produkta også dette året. Me har bestillt sinkhus i "bøtter og spann", så håpar me det rekk til alle som ynskjer seg dette i haust.
Gjestfriheten var også her stor, heimelaga rundstykker med bringebærsyltetøy, mmmm.

Etter ein fanastisk inspirerande tur, er det godt å komma heim. Været er nydeleg og eg har knipsa nokre bilder frå Clematisen "Montana rubens" i hagen vår i dag.
No skal eg nyta sola og det håpar eg du og kan gjer!!!
God Helg til alle!!!




Ingen kommentarer: