onsdag 28. oktober 2009

Nattope

I morgon er det nattope på frk Lande.
Me slår te med 20 % avslag på alle puter og pledd.
Utvalget er stort og rikt. Me har runde puter, firkanta puter og avlange puter i ulike stoff og fargar.
Me har masse fine sengetepper og pledd i ulike fargar og storleikar. Kom å sjå!!!!
God kveld til dåke alle!!!!

mandag 26. oktober 2009

Fine ting og tang


Frk Lande bugnar av fine ting som ein berre kan ønska seg både frå julenissen eller andre :-)
Ka med denne fine lykt frå House Doctor? Eller den nydelige veska i metallfarga lin frå TineKHome...
No har me fått inn mugger med skrift på frå Bruka Design.
Det er og kommen kjempemasse anna nytt og fint.
For dei som har fått med seg at me opnar julebutikk neste veke, er det altså mandag 2. november :-)
Du er velkommen!!!!


lørdag 24. oktober 2009

God Helg

I dag har frk Lande sjølv fri. Ho sit ved kjøkkenbordet og føler seg ueffektiv ;-)
Bildet er frå pynten ved bordet. Desse keramikkmuggene frå Vastergarden er berre helt nydelige. Rabarbra og frukostteen er skikkelig fersk og god kvalitetste. No er årets julete frå denne gode leverandøren like på trappa.

Det fine stettfatet på bilde er frå TineKHome, det kom inn denne veka saman med andre flott varer!

Når lørdagen er her må me kosa oss med jordbubbar. Desse dropsa er berre heilt fantastiske!!!!


Desse sjokolade og peanøttkulene er også knallgode. Og så er dei i so fine haustfargar!!!!!
Helgane no frametter må me kosa oss og lada opp til julestrida. Det er viktig å lada batteria opptil den hektiske tida.
Me her på frk Lande skal laga julebutikk neste helg. So når du kjem til oss mandag 3.November er det ein fantastisk og juleinspirernde butikk som møter deg. Men meir konkret informasjon kjem etter kvart, gle deg!!!!!! Og me gler oss til å sjå deg;-)
No må frk Lande gå i skogen for å samla div matrialer til juleprodukt til butikken, kanskje noko du aldri har fått kjøp på Stord før...
God helg til dåke alle og husk å nyt helgo!!!



onsdag 21. oktober 2009

Maileg

Frk Lande er butikken på Stord som fører Maileg. Me har kaniner i ulike storleikar og med klær til.
Familien Maileg har som dei fleste andre her nord, ein velmøblert heim.

Her finnes senger, vogner, stellebord og tørkestativ. Alt som skal til for ein kjekk leik på rommet. Og da kjekka for oss mammane er at Maileg leikene er fine på pynt og, det er jo ikkje alle leiker som er;-)
Denne flotte vimpelen er også ein flott og gjennomført Maileg produkt.


Den nærmaste veka kjem det fleir kaniner til butikken.
Me får ulike storleikar og klær til.

Maileg har og fine bursdagskort.
3. November åpnar me årets julebutikk!!!
Blandt julevarene vil du finna Julepynt til heimen frå Maileg.
Denne pynten er i nydelige fargar, med vakre detaljar på.
Det er berre til å glede seg!!!!!
God kveld til alle saman!!!!



mandag 19. oktober 2009

Er gult kult?

Gul er ein farge som høyrer hausten til. På denne tida av året er det svært mange fine fargar i naturen. Det er fint å ta med seg fargar ein likar inn i interiøret. Me her på frk Lande tok hintet fra Bo om at fargar er fint (sjølv om me er ganske kvite av oss). Sidan ho har gule Tolix taburettar i heimen sin, tenkte me å sjokkera med litt gult i butikken. Det blei gule blomar og gresskar. Me ser fram til å få Tolix varer i butikken, men gult nei det står me over....
Nydelige små lykter frå Chic Antique, samt fat med gresskar i frå Madam Stoltz.
Sink og gult er kjempefint saman.
Fantastisk flott lykt frå Tine K. Fine urner og fat fra Madam Stoltz.
Me trur at me kan konkludera med at ved rett samansetning av ting og fargar kan gult vera både kult og fint.
Ha ein fin ettermiddg og kveld alle saman!!!!


torsdag 15. oktober 2009

Metallboksar

No har frk Lande fått inn masse fine metallboksar. Ka med ein fin brevboks?

Boksane kan brukas til ulike føremål.
Her er ein med tau i og ein til oppbevaring av knappar.

Denne skjønne boksen er fin på jenterommet til liten eller stor ;-)

Denne også ... Eller til oppbevaring av hemmelege ting ;-)


Denne siste bosen er funksjonell til å ha medisiner i både heime og i kofferten.
Boksar er ein stor "slager" i interiøret" i haust.
Ha ein fin ettermiddag og kveld!!!






mandag 12. oktober 2009

Bjørkehjerter

I dag har me på frk Lande laga opp bjørkehjerter og -kransar.
No har bjørka kasta lauet, so no må me vera om oss og nytta finværet til kvistklypping.


Hjertene er i ulike størrelsar, nokre er søte og små som desse til kr 19,-.

So til dåke so ventar på desse bjørkekreasjonane, no er utvalget størst.
Løp å kjøp!!! Eller ta deg ein tur på bjørkklypping og lag hjerter med ditt eige hjerte.
God ettermiddag te dåke alle!!





søndag 11. oktober 2009

Haust i hagen

Heime hos frk Lande er det haust i hagen.
Ein av dei fine tinga med hausten er at me kan tenna lys ute også.
I hagen er buskane i ferd med å endra farge på bladene, og lauet slepp no.
Vakkert er det!!



Ynskjer dåke alle fine haustdagar og kveldar!!!




fredag 9. oktober 2009

Durance


Durance er ein fantastisk god serie.
Alle produkta her er framstilt av naturlige råvarer og har ingen tilsetningsstoff.
Kva med deilige kroppsprodukt med oliven?
Durance er nok mest kjendt for sine husreingjeringsprodukt.
Fantastisk med tøyvaskemiddel og skyllemiddel med lavendel.
Og til helgereingjeringa av huset, kan det bli bedre enn å vaske golva med housecleaner av lavendel? Faktisk ein inspirasjon til husarbeidet...;-)


Kroppsserie med rose, herlig!!!


Såpestykker i masse delikate farger, og dufta er nydelig.
Dette er franske produkter på sitt beste.
Kjekt å ha og bruka sjølv , men også velegna gåver til gode vener.
Me har da gode utvalget!!!!



torsdag 8. oktober 2009

Kjendisliv

No har me fått inn ei' "ny" gammal seng. Det er ei skuvseng som ynskjer seg til eit jente eller guterom.
Den andre sengo me hadde leve forhåpentligvis lykkelig kjendistilværelse i Oslo eller på ei vakker øy her i Sunnhordland :-)
Me har også andre fine gamle møblar for salg.


onsdag 7. oktober 2009

Sink

Det er mykje sink i haust og det vil holda seg fram til jul også.
Sink er eit upolert og grovt matriale som passar inn hos dei fleste.
Me har fått inn masse nytt og fint i sink frå Madam Stoltz.
Hjerter, fat, lykter, potter og urner alt ein berre kan tenkja seg for å skapa da koselig i heimen.

Ta ein tur innom til oss på frk Lande og me hjelper deg å setta saman fine ting til din heim eller noko du kan gi i gåve.



tirsdag 6. oktober 2009

Haustkos

No når haustmørket har senka seg, er det tid for innekos.
Varme gode tøffler til kalde haustføter er deilig.
Ein god kopp te med litt litt smånips til varmar også godt.
Lykter med levande lys høyrer hausten til.
Brenn lys i kvar ein krok og nyt dei lange kveldane. Me har eit stort utvalg av lykter.
Me fører da fantastiske interiørmagasinet til Jeanne D` arc Living.
Da er eit nydelig magasin som berre må lesast.
Gode haustkveldar til dåke alle!!!







fredag 2. oktober 2009

Welcome



Welcome!

Alle er hjarteleg velkommen til ein tur innom frk Lande!
Her kan du nyta, bli inspirert, kosa deg, kjøpe gåver til andre og sjølvsagt deg sjølv.
Kva med ein tøff krakk, ei ny lykt eller ein bukett lavendel?

Alltid kjekt med noko nytt slik at motivasjonen for helgevasken aukar...


Tusen takk for alle dei utrulig koselige kommentarane eg har fått på bloggen.
Så kjekt, rørande og utrulig inspirerande!

Ynskjer alle ei God helg!

P.S: Hugs at det fortsatt er 20% på alle varer...
Du kan gjera eit kupp!


torsdag 1. oktober 2009

La deg friste


Snop er lekkert som små fargeklattar i interiøret.
Men så er det jo ikkje så dumt at det smakar godt heller!
Nammenam...jordgübbar...krokan...mmm...

Torsdag Fredag Laurdag

Torsdag, fredag og laurdag har me -20% på alle varer!
Ha ein knallkjekke handledag!