fredag 10. september 2010

Helgekos


I går hadde me på Bytunet kveldsåpent, og mange hadde funne turen til oss denne fine haustkvelden.
No er det helg :-)
Gjer so mangen andre, unn deg og dine ei flaska fransk lemonade til helgekosen.
Me har også herleg snop, og god te frå Arizona, godt til haustmørke kveldar.
Velkommen til frk Lande!!!

onsdag 8. september 2010

Langåpnet


I morgon torsdag er det langåpent til kl 22.00 på Bytunet.
Hos frk Lande kan du kosa deg med å handla inn fine interiørting til heimen din, utvalget er no knallbra.

Du kan også kjøpa nydelige "struttar" med fantastisk sjokolade til deg sjølv eller ein god ven.
Kven klarer motstå desse herlighetane som smakar vindunderleg?

Desse sjokoladestruttane kjem frå svenske Åre, som er ein skikkelig sjokoladefabrikk:-)
Velkommen til kveldshandel på Bytunet i morgon!!!


tirsdag 7. september 2010

Herlig lilla keramikk

Frk Lande har fått inn nydeleg keramikk.
Dette er fantastisk flotte ting frå Portugal.
Super kvalitet der alt er ildfast, altså alt tåler høg varme.


Mugger, krus, fat, skåler og former i ulike former og størrelser.



Nydeleg små paiformer, kva med ein liten plommepai til kvar på klubbkvelden?

Herleg keramikk som passar supert inn no i haust. Fint med unike ting, og kjekt at frk Lande var den fyrste butikken i Norge som bestillte inn desse flotte tinga :-)
Velkommen til oss!!!!

søndag 5. september 2010

Ny haustveka


Hyllene her hos frk Lande er no fulle av herlege varer i haustens fargar.
Fransk lemonade i herlege fargar er lekkert i kjøkkeninteriøret.
Teboksar, brødboksar, glass, skåler og eit kjempeutvalg i lykter.
No bugnar butikken i herlege varer som ein kan ha både inne og ute.
VELKOMMEN TIL FRK LANDE!!!!!!

lørdag 4. september 2010

HAUSTBUTIKKEN♥♥♥


No er frk Lande blitt haustbutikken som er full av haustens nyheter.
Dei siste vekene har vert travle med utpakking av nye varer og det storkosar me oss med.
Og tenk at denne fantastiske hausten har nett starta!! Dei neste vekene kjem det kjemepemasse fint, gled deg saman med oss!!
Og ja, me skal bli flinke igjen til å bruka bloggen, kjekt mangen savna da :-)

Fargane går i kvitt, grått, ulike lilla fargar og svart.
Korg er som alltid "in", tidlaust og er med på å mjuka opp interiøret.
Me har fått inn forskjellige ting som brødkorger, korger, brett og magasinhaldarar i korg. Desse er frå Bruka og har ein nydelig grålig farge og sjølvsagt i skikkelig Bruka kvalitet, altså det beste :-)


Sink held seg inne i varmen også denne hausten. Me har fått inn masse fint i dette kjekke matrialet som passar både inne og ute .
Ynskjer dåke alle ei god helg!!!
Velkommen til oss på frk Lande!!!