mandag 22. mars 2010

Pynting til vår og sommarfesten

Det går mot vår og sommar, noko som for mange betyr konfimasjon, bryllup, barnedåp eller andre feiringar.

Me på frk Lande har dagleg innom mange kjekke kundar som skal pynta til ulike feringar og er usikker på korleis dei skal gjera det. "Må eg ha sånne perler som flyt i vatn?", "Eller må me ha sånne remser liggande på langs av bordet i rosa eller blått?", "Bruka alle telys forma som alt mulig merkelig flytande i vatn?", "Må me ha sand i fargar som passar til blomane?"
Det kjem mange spørsmål og svara på dei som er ramsa opp er NEI ;-)
Våre tips til kundane som tar dette opp med oss er som følger;
Velg ut den type pynt og farge du/dåke liker.
Bruk gjerne kvite dukar, ein kan blanda ulike kvite dukar.
Det er lekkert med tøyservietter, men det finnes mange fine papirservietter også.
Det er nøytralt og fint me kvite tallerkner, det kan ein låne eller kjøpe billig.
Bruk stettskåler, små glassvasar og telysestakar til blomar.
Du kan gjerne blanda ulike typar blomar som blå hortensia og brudeslør, lekkert i lag. Det er då fint å klippe av sjølve blomsten og legge den i vatn i ei stettskål. Nydelig med små greiner av brudeslør i telysestakar og sjølvsagt telysestakar med vanlege telys. Fleire sånne små samlingar ståande rundt er harmonisk.
Bruk gjerne blomar du finn i naturen og bland saman med "kjøpeblomar", som kvitveis.
Lag feks små gjennomsiktige posar med rosa snop på kvar kuvert og fest ein liten navnelapp på som bordkort, nydelig til jentekonfirmanten.
Vårt hovudbudskap er at om ein må pynta slik at ein kan "leva" med det på festdagen ;-)
Det er alltid kjekt å kjøpa litt ny pynt, tenk då at det er nok du kan bruka etter festen. Gode innvesteringar er då stettfat, glassklokker, smålykter og glasslysestakar.
Lykke til med festen alle som skal ha det!!!! ;-)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Åh, tatt for gode tips!!

Anonym sa...

Supre tips! Skal prøve å huske på den til senere:)

Anonym sa...

Enig, fint når det er rent og enkelt, men stilfullt :-)