mandag 7. desember 2009

Julepynt laga av barnehender



I heimen til frk Lande familien er det komen nokre nyyyydelege nissar. Faktisk dei einaste nissane som får sjå dagen ljos (dei andre ligg mørkt på loftet og ventar på at dei skal bli "IN" igjen).
Denne fantastiske nissen fekk tanta Anita frå Maria. Den var laga spesiellt til meg då eg skulle passa småjentene i Bergen på torsdag. Eg blei berre so kjempeglad for at eg fekk denne fine nissen som ho hadde lagt so mykje arbeid ned i,
TUSEN TAKK MARIA!!!
Nissen har fått hedersplass på kjøkkenbordet.
Desse ulike nissekreasjonane bur i den gamle vedkomfyren på kjøkkenet vårt. Dei blei tatt fram av Ida då ho oppdaga nissen frå Bergen. So no har me fire nydelege nissar som passar utmerka inn i interiøret på kjøkkene her heime hos
frk Lande ;-)
Desse nissane har sjel og skal få lov å stå framme ei tid til, trur eg....;-)
Ha ein fin nissekveld!!!



3 kommentarer:

lisje astrid's husblogg sa...

Det er såå kos å få slik herlig pynt laga av nøysomme barne hender:)
Eg får såå god jule stemning av det:)
Ønsker deg ei nydelig førjulstid:)
Klem frå Astrid:)

Anne sa...

Kjempeskjønne nissar! Gler meg til å besøke butikken i jula:)
Klem Anne

Anonym sa...

Les hele bloggen, ganske bra