lørdag 2. oktober 2010

Kristine Vikse på frk Lande




Me på frk Lande har fått inn den flotte kleskolleksjonen til Kristine Vikse.

Ho er ein fantastisk flink designar som også står bak det kjente merket MeMini. Det er barneklær som du finn hos Lukas og Linnea her på Bytunet.



Me har fått inn herlege strikkeplagg som kjolar, tights, korte og lange jakkar, huer, sjal og pulsvarmarar.
I silke har me den nydelege kjolen på bildet over, den er i grått og rosa.
Gummistøvlar med kilehæl? Ja, Kristine Vikse har laga da, og me har dei i grått og svart. Fint til buksa, men knall til tunika og kjole :-)
Ta turen innom til oss på frk Lande.
God helg!!!!!

Ingen kommentarer: