mandag 30. november 2009

Nye sinkhus i butikken

Me har fått eit godt på fyll av sinkhus frå Walthers og Co i dag :-)
Denne gongen kom det større hus enn me har hatt tidligare, dei er berre fantastisk flotte alle på kvar sin måte!!!
Huset til venstre er 28 cm og kostar 399,-. Det i midten er 35 cm og kostar 499,-. Huset til høgre er 36 cm og kostar 719,-, dette er bestselgeren hos Walthers.
Huset til venstre kan hengast opp på veggen, er ca 35 cm og kostar 619,-, nydelig fint!!
Det i midten og til høgre er ca 40 cm og kostar 739,-, stort enkelt og stiligt.

Huset til venstre er smalt 17 cm og kostar 299,-. Det i midten bak kostar 399,- og er 28 cm. Framme er det eit hus på 18 cm til 279,-.
Me har stor etterspørsel etter desse Walthershusa og det er kjempekjekt!!!
Om du ønsker noko levert frå oss ta gjerne kontakt på mail eller telefon.
Ha ein fin mandagskveld!!!



søndag 29. november 2009

Julepynting

No er me i god gang med julepynting heime hos frk Lande. Sviblar i knopp og raude eple høyrer jula til.
Ein dag eg var i det kreative hjørne laga eg denne kransen. Den er av bjørkekvistar og blei spraya kvit med maling på boks.

Desse englane er kjempesøte å ha henganede i kransen. Små enkle hus og skøyter er også superfine.

Desse fine hjarta heng under lysholderande og pyntar verkeleg opp.
Kjempekjekt å laga ting av matrial frå naturen og pynta det opp med enkel og skjønn pynt.
Me har stort og variert utvalg av pynt til sånne prosjekt.
Ta gjerne turen innom på frk Lande, me hjelper deg med å finna det du treng til den perfekte kransen.
Ha ein kreativ søndag!!!




onsdag 25. november 2009

Juleforberedelsar heime hos frk Lande

Heime hos frk Lande er juleforberedelsane i full gong ;-) He,he..
Denne kjøkkenhylla er pynta med varer frå butikken. Knallfin keramikk frå Vastergården med God Jul tekst. Julete som berre smakar skikkelig jul!!
Kakeboks og kremmerhus frå Maileg.
Mathilde og Ida har laga pepperkaker til vindauga i heimen vår. Store flinke jenter so bakar nesten aleine, kjempegod hjelp til mor, tusen takk!!! Ein annan dag blir dei ferdige pynta vindauga vår vist, kanskje :-)
Ha ein fin kveld!!!!

Jeanne d` Arc Living sitt julemagasinen i butikken

No er endelig julemagasinet frå Jeanne d`Arc Living på plass i butikken. Bladet er fullt av nydelige bilde og idear på korleis ein kan laga ei vakker jul i heimen.
Eit vakkert, harmonisk og nostalgisk juleblad!!!
Ha ein fin onsdag!!!



mandag 16. november 2009

Juleppskrifter

Sjå desse koselige juleoppskriftene med pepperkaker, smultringar og julegløgg.
Kjempefine å ha hengende på kjøkkene til jul. Også knallfine å pynta julegåvene med.
Prisen er 19,- kr pr stk.
Ha ein fortreffeleg måndagskveld!!!

søndag 15. november 2009

Julepynt frå Maileg

No har me fått inn meir julepynt frå Maileg, fyrste forsyning var bort på 1, 2, 3.
Me har fått fargerike kremmerhus i ulike storleikar, hjerter og sokkar til pynt på treet eller ein liten kvitspraya busk?
Kakeboksar og bakeforkle til liten og stor frå Maileg er også på plass i butikken.
Og so har me fått inn kaniner med tilbehør!!!
Ha ein fin sundagskveld!!!!

tirsdag 10. november 2009

Tolix på frk Lande

No er endelig Tolix stolar og taburetter kommen inn på frk Lande. Dette har me jobba for!!!!
Tolix er den originale franske cafestolen frå 1930 talet.
Me har fått inn kvite og galvaniserte stål stolar og taburettar i begge fargar og dei er berre fantastisk fine, gode og kule.
Årets Maileg julekaledarar har funne seg te rette på ein Tolix stol i galvanisert stål, fy flate for nokre snadder stolar (og nissar)!!!!
Her hos frk Lande sjølv blei kjøkkenet nytt med kvite Tolixstolar i kveld, ja,ja...;-)
Ha ein fin kveld alle saman!!!!

mandag 9. november 2009

Adventstida står for døra

Det går mot advent og med denne tida følger dei fire tradisjonelle adventslysa. Me har tatt inn kvite lys i ulike storleikar. Me har også fått inn lys i djup lilla, dei er kjempefine.
Me har 1, 2, 3 og 4 i forskjellige variantar. Ulike i sink, hjerter, tall med perler og kuler i fattigmannssølv, alle er kjempefine.
Me hjelper deg med å finna passande fat, lys, pynt, og tynnmose det får du med på kjøpet ;-)
Kom ned til oss og me hjelper deg med å finna det som passar hos deg!! Og husk no er utvalget størst :-)
Ha ein fin kveld!!!

søndag 8. november 2009

Slede fra gamledagar

Me her på frk Lande har fått lånt oss ein gammal slede. Denne er berre heilt fantastisk flott. For oss er det utrulig stemningsfullt å ha ein so flott og antikvarisk slede som skapar julestemning.
Tenk på kor heldige dei var i gamle dagar so fekk bruka ein so fin slede når dei sku te kyrkje på juleafta. Ja, eg ser berre den romantiske og nostalgiske delen av sledeturen!!! Me draumer oss vekk i svunnen tid.
Ha ein skjønn sundagskveld!!!

tirsdag 3. november 2009

Julebutikksuksess

Superfine og populære sinkhus frå Walthers & Co!!
Finnes i mange ulike storleikar og fasongar.
Me her på frk Lande har hatt ei heller travel veka etter at me opna julebutikken.
Tusen takk til deg som har vert innom og lagt igjen koselige og positive ord til oss, det set me stor pris på!!! Takk også til deg som legg igjen hyggjelege kommentarar her på bloggen.
No bugnar butikken av fantastisk utvalg av årets julepynt og masse kjekt til julegåver.
Denne kransen er laga av brakebusk og pynta med Walthers & Co sin nydelege pynt. Produkta frå dei er berre heilt unike, ta ein tur innom å sjå!!!
God helg til dåke alle!!!









mandag 2. november 2009

Velkommen til julebutikk!



Hjarteleg velkommen til julebutikken vår!
Me feirar julepynta butikk heile dagen,
men frå kl. 17 blir det både gløgg og bollar for dei som tar seg ein tur!
Me gler oss!