tirsdag 31. mai 2011

Opningstider i sommar..



Frå onsdag 1. juni vert det ny opningstid på Bytunet.
Dermed vil Frk Lande også forandra på opningstida si.




Dette gjeld no i sommar og dei nye tidene blir som følger :

Mandag 10.00 - 18.00
Tirsdag 10.00 - 18.00
Onsdag 10.00 - 18.00
Torsdag 10.00 - 18.00
Fredag  10.00 - 18.00
Laurdag 10.00 - 16.00

Me ønsker alle velkommen innom vår lyse og trivelege butikk. :)

mandag 30. mai 2011

House Doctor..

Desse store urnene frå House Doctor er kjempe fine å ha blomar i ute:)
Eller kanskje ungane treng noko å ha alle lekene sine i?
Bere fantasien set grenser.



Desse stilige flaskene inneheld vatn med kullsyre.




 På frk Lande har me fått inn masse lysestaker, lykter og anna som er fint å pynta heimen med.
Desse søte flaskene er ein av tinga. Dei er kjempe skjønne å fylla med drops, ha blomar i eller kronelys. Kva med å fylla heile bordet med desse når gjestene kjem på middagsbesøk! :)




Ha ein herleg dag! 

fredag 27. mai 2011

Skinnvesker..

Dei populære skinnveskene frå House Doctor er no å finna på frk Lande igjen.

Mange har etterlyst desse og no er dei endelig her :)
Tøff lommebok og mobiletui er også kommen.



Velkommen innom til oss :) 

onsdag 11. mai 2011

Langope torsdag :)


Torsdag 12.mai er det langope på Bytunet.
Me på Frk. Lande held dørene open for deg heilt til klokka 21.00.
Velkommen liten og stor :)

tirsdag 10. mai 2011

Litt nytt i frå butikken :)

Det kjem stadig nye varer inn i butikken vår.
Det er deilig no når sola skinn og hagen blir fyllt med fargar. :)
Skjønne blomsterpotter til å ha ute på trappa.

Masse serviettar og lys i sommerlege fargar.




Veggord i metall. Det er fleire forskjellinge tekstar på desse. Her med tekstane "dream  big" og "love is all you need".





Desse boksane er frå vår nye leverandør.
Kjempe skjønne og kan brukast til det ein måtte trenga dei til.
Store kvite som passar perfekt til vaskepulveret :)

Sjekk desse utruleg skjønne lyktene. :)




Ynsjer alle ein flotte mai dag!

onsdag 27. april 2011

Salg.. :)



Hatt ein fin påske? Det har me på frk Lande. :)


Me har enno noko igjen av påskepynten fra blandt anna Maileg.


I butikken er det no halv pris på alt av påskepynt, påskeserviettar og påskete.


Desse boksane frå Maileg er fine å pynte for eksempel barnerommet med sjølv om påsken er over. :)



Ynskjer dykk alle ein flott dag :)

onsdag 20. april 2011

Serviettar..

Ei mengde med fine serviettar er no kommen inn på frk Lande.

Treng du nokon fine til konfirmant bordet kanskje? Eller er familie og vener invitert på ett festmåltid i påsken?

Ta turen innom då vel :)



Minnar om at me har ope til klokka 16.00 i dag onsdag, og til 15.00 på påskeafta.



Velkommen!

mandag 18. april 2011

Pakkepris

Våren er her. Det spirer og gror. Kanskje er det ikkje så mykje som gir farge i hagen enda. Kva med å friska opp hagebenken med desse fine putene og pleddet?


På Frk Lande har me no en tilbudspakke til deg :)




Den består av ett pledd og to puter. Desse er i ein herlig lys grønn og beige farge. Med masse små og store stjerner på.


Samlet pris på dette er no 1399kr. :)


Velkommen innom!

søndag 17. april 2011

God påske ! :)


Kanskje har du alt tatt påskeferie eller kanskje du må venta nokon dagar til?

Værmeldingane for påsken visar knall flott ver i påskehelga, hvertfall i Sunnhordland :)


Me på Frk Lande vil få ynsja alle ein riktig så god påske!

Nyt den der du må befinna deg! :)



Kanskje vil du pynta litt med desse skjønne figurane frå Maileg og?

Dei er hvertfall kjempe fine å ha hengande på ei grein.

Du finn dei i butikken vår.